Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til botntekst

Motorferdsel i utmark -vilkår

Kommunale vilkår for snøscooterkøyring i Tokke kommune

  • Det kan søkjast kommunalt løyve for bruk av snøskuter i Tokke kommune ut i frå §§ 5 og 6 i nasjonal føresegn for bruk av for bruk av motorkøyrety i utmark og på islagde vassdrag. Løyvesøkjar må nytte standard søknadsskjema som ein kan få ved å vende seg til kommunen eller finne det på nettet.
  • Utanom løyve for leige køyring , vil alle løyve gjelde køyring i fast løype. Løypa skal merkast av på kart ved søknaden.
  • Løyve vert gjeve for inntil 3 år av gongen.
  • Alle som søkjer snøskuterløyve må ha løyve (dokumentert) frå grunneigar før dei søkjer.
  • Det vert gjeve løyve til bruk av snøskuter til eiga hytte når avstanden frå brøytt bilveg er over 2,5 km. Løyvet skal stå på hytte/grunneigar sitt namn. Næraste familie til hytteeigar kan òg køyre med dette løyvet. Dei som leiger hytte kan få snøskuterløyve, men ikkje dersom hytteeigar òg ynskjer løyve. Leigeavtala må leggjast ved søknaden.
  • Snøskuterkøyring er lovleg mellom kl. 0500-2200.
  • Løyve, førarkort og vognkort må alltid vere med under køyring.
  • Vintersesongen er slutt 30. april. Ved materialtransport etter denne tid må det søkjast om eige løyve.
  • Ulovleg køyring fører til umiddelbar inndraging av løyvet, og at eventuell søknad frå vedkommande vert avslege dei neste 2 åra.
  • Det er høve til å søkje om køyreløyve uavhengig av dei kommunale vilkåra. Desse søknadane vert handsama i samsvar med lov om ferdsel i utmark.
Snøscooter og slede
  • Dalen Hotel
  • Vest-Telemark museum

tokke.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke tokke.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk