Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til botntekst
  • Motorferdsel i utmark og vassdrag

    Generelt

    Bruk av motorkøyretøy i utmark er ikkje lov utan løyve frå kommunen.

    Snøskuterar og motorkøyretøy

    Skal du bruke motorkøyretøy eller luftfartøy i utmark til føremål som ikkje er offentleg kjende nytteføremål, må du søkje kommunen om løyve. Turkøyring kan skje i fastsette snøskuterløyper til slikt føremål. 

    Vannskuter og andre motorfartøy

    Vannskuterar er i utgangspunktet tillate i innsjøar større enn 2 kvadratkilometer, på elvestrekningar og på innsjøar mindre enn 2 kvadratkilometer dersom desse går inn som ein del av eit farbart vassdrag. Men kommunen kan avgrense bruken.

    Vilkår

    Du må søkje om godkjenning for å bruke motorfartøy eller luftfartøy til dei føremåla som er spesielt lista opp (sjå lenkje til forskrift nedanfor). Det gjeld til dømes bruk av snøskuter til og frå hytter.

    Løyve etter § 5 c vert gjeve til dei som har 2,5 km eller meir frå brøyta bilveg.

    Brosjyrer og informasjon

    Kontaktpersonar

    NavnTittelTelefonMobilTelefaksE-post
    Per WraaSkog- og utmarksrådgjevar3507524447607979Send Epost

    Kontaktavdeling

    Landbruk

    LederFlateland, Åse Ingebjørg
    E-postpostmottak@tokke.kommune.no
    PostadresseStorvegen 60 3880 DALEN
    Besøksadresse3880 DALEN

    Lovar og retningsliner

    Sjå blant anna naturmangfoldlova § 7 og småbåtlova §§ 38, 39 og 40.

    Søknadsprosessen

    Rettleiing

    Kommunen (eller Fylkesmannen) gjev informasjon om kva som er tillate etter lov og forskrift, og kva ein må søkje om løyve til. Søknaden om dispensasjon må vere skriftleg. Behovet må vere dokumentert og innehalde alle dei opplysningane som kommunen treng for å kunne ta stilling til søknaden.

    Skjema

    Vedlegg

    • Ved transport av funksjonshemma må ein leggje ved legeattest
    • Ved transport til hytte må ein dokumentere eigarforholdet
    • Kart som viser køyretraseen
    • Eventuell dokumentasjon av særlege behov

    Søknadsfrist

    Søknaden må sendast i god tid.

    Høve til å klage

    Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du mottok det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lar vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje.

tokke.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke tokke.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk