Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til botntekst
Sist endra: 03.12.2015Kontaktavdeling: Psykiatritenesta

1. KONTAKTLISTE























Arbeidstid: Månd, tysd, onsd, tordsd































2. LOKALISERING















Me held til i eige bygg ved Tokke Helsesenter, og er organisert som ein eigen del under Helse- og omsorsetaten.















3. MÅLSETTING















Målet vårt er å gje eit så godt tilbod som råd til menneske som treng støtte og hjelp med si psykiske helse eller eit livsproblem. Det kan vera aktuelt med både langvarige tenester eller nokon å snakke med for kortare periodar. Tilbodet skal omfatte både førebygging og behandling. Ein kan ta direkte kontakt med psykiatrisk sjukepleiar eller ein av terapeutane. (Jf. kontaktlista over)















4. TILBOD















Tilbod til barn og unge:







Treng du nokon å snakke med? Tak gjerne direkte kontakt ved å ringe eller sende SMS til NN på tlf.: (sjå over). Du treffer henne også på NN skule.























Individuelle støttesamtaler:







Ein kan gjera avtale om å få samtaler på kontoret til ein av medarbeidarane.















Heimebesøk:







Dette kan vera aktuelt dersom ein treng hjelp til å koma i gang med dagleglivets gjeremål, eller der det vurderast som hensiktsmessig å møtast i heimen.















Kognitiv Terapi:







Dette er eit behandlingstilbod der ein arbeider med vanskelege tankar og kjensler via individuelle samtaler .















Tilbod angstmeistring:















Dette er eit tilbod om systematisk behandling/meistring av angst























Gruppetilbod







Psykisk Helse driv forskjellige former for gruppebehandling. Saman med terapeut kan ein finne fram til den gruppa som passer best.















Individuell plan:







Dersom du har behov for langvarige og koordinerte tenester på grunn av sjukdom, funksjonshemming eller liknande, og dersom kommunen vurderar at du har rett på dette, kan me hjelpe til med å utarbeide ein Individuell Plan.















Den er eit samarbeidsdokument mellom tenesteytarar og brukar .























5. ANDRE RELEVANTE KONTAKTAR















Psykososialt kriseteam







Denne gruppa trør i kraft ved ulukker og brå dødsfall. Medlemmar i denne gruppa er psykiatrikoordinator, lege, prostidiakon, helsesyster, prest og NAV.







  • Dalen Hotel
  • Vest-Telemark museum

tokke.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke tokke.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk