Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til botntekst
  • Generelt

    Frisklivssentralen er ei førebyggande helseteneste med tilbod innan aktivitet, læring og meistring. Føremålet med tenesta er å førebygge sjukdom og skadar knytt til levesett, redusere sjukefråvær og gjere folk i stand til å ta vare på eiga helse. 

    Frisklivssentralen hjelper og støttar personar til å endre og meistre endringar i livsstil. Tilboda består i helsesamtale, fysisk aktivitet, kosthaldsendring og snus- og røykeslutt. Det er tilbod om oppfølging i gruppe og individuelt.

    • Frisklivsresept – 12 vekers opplegg med to treningar i veka
    • Individuell rettleiing og oppfølging innan aktivitet og kosthald i 12 veker
    • Kosthaldskurs – Bra Mat for betre helse (fem kurskveldar)
    • Individuell rettleiing og oppfølging for snus- og røykeslutt

    Opne tilbod for alle

    • Tokkegym 60+ –  onsdagar 10 - 11
    • Sirkeltrening – torsdagar 12-13

    Frisklivssentralen har varierte aktivitetstilbod i gruppe. Aktivitetane skjer både innandørs og utandørs. Målet med frisklivssentralen er at deltakarane skal bli fysisk aktive i sin kvardag og få betre helse på kort og lang sikt. 

    Vi er i gang med å lage telefonlister slik at vi lettare skal nå ut med informasjon til alle som er brukarar av treningsgruppene til Friskliv. 

    Om du ynskjer å stå på denne lista, send oss ei melding til fysioterapeut Berit Omholt (tlf: 93 60 63 37) der du oppgjev kva for ei gruppe du vil ha oppdateringar om.

    Målgruppe

    Helsefremjande og førebyggjande tiltak for alle innbyggjarane, men med spesiell vekt på

    • personar med livsstilssjukdommar, i alle aldrar
    • personar som står i fare for å utvikle sjukdom pga levevanar
    • personar med overvekt
    • personar som røyker eller snusar
    • personar med problem knytt til psykiske helse
    • innbyggjarar over 65 år
    • ungdom og unge vaksne
    • flyktningar

    Brosjyrer og informasjon

    Partnarar

    Aktuelle samarbeidspartnarar kan vere

    • arbeidsgjevarar
    • brukar- og innvandrarorganisasjonar
    • fastlegar
    • frivillige organisasjonar
    • Nav
    • private aktørar
    • spesialisthelsetenesta
    • diabetessjukepleiar
    • KOLS-kontakt
    • Frisklivssentralen i Vinje

    Kontaktavdeling

    Helse- og omsorgsetaten

    LederMarianne Skriudalen
    Telefon35075530
    E-postpostmottak@tokke.kommune.no
    PostadresseStorvegen 60 3880 DALEN
    Besøksadresse3880 DALEN

    Lovar og retningsliner

    For å oppfylle ansvaret etter § 3-1 i helse- og omsorgstenestelova skal kommunen mellom anna tilby helsefremjande og førebyggjande tenester.

tokke.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke tokke.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk