Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til botntekst

Avfall

Renovasjonsbilen køyrer fast rute i høve til køyrekalenderen.

Alle abonnentar skal få renovasjonskalender for gjeldande periode tilsendt.

For standardabonnentar er det levering av restavfall annankvar veke. For miniabonnentar er det levering kvar 4. uke.

For meir informasjon kan du gå inn på Renovest sine nettsider. 

Renovest har nå tatt i bruk appen Min Renovasjon. Her kan du enkelt finne ut kva for avfall som blir tømt hos deg og få varsel om når du bør sette fram dunken din.  Itillegg kan du søke opp næraste returpunkt og for hytteabbonnentar næraste hyttereturpunkt. Søk etter Min Renovasjon i App Store eller i Google Play Butikk og last ned appen.



Gratisordninga omfattar:

Alle typer avfall vi tek imot, max inntil 300 kg. Dette kan delast opp i inntil 3 leveringar à 100 kg.

OBS! Abonnentar må bringe med gratissedel som fylgjer avfallskalenderen.



Kva er gratis uansett:



- Alt elektrisk utstyr



- Bildekk utan felg (ikkje frå næring)



- Spesialavfall (ikkje frå næring)



- PCB-glas / termopanglas produsera frå 1965-75



- Papir/papp/hushaldningsplast



- Glas/småmetall (hermetikboksar o.l. ikkje målingspann)



Vistadmoen, som er sorteringsstasjon i Tokke, er open kvar tysdag frå



kl. 14.00 – 19.00.




tokke.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke tokke.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk