Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til botntekst

Skøyte og tinglysing

Kartforretning

Tokke kommune skriv ikkje ut skøyte i samband med overføring av heimel for ein eigedom. Dette er ei sak mellom seljar og kjøpar, som sjølve må syte for å skrive skøyte og få dette tinglyst. Hugs at skøytet må skrivast ut i to eksemplar. Skriv under på båe og send dei saman med Eigenfråsegn for konsesjonsfritak til

Statens kartverk

Tinglysingen

3507 Hønefoss




NB! Det er også viktig å hugse på at alle hefte (t.d panteobligasjonar) som er på avgjevar av eigedommen (eigedommen før deling), automatisk fylgjer med vidare på denne nye parsellen. Her bør seljar ordne med sletting av eventuelle hefte.



Statens kartverk vil krevje tinglysingsgebyr og eventuell dokumentavgift.



Samanslåing av eigedomar

Der ein eigedom består av fleire parsellar med eige gnr/bnr bør ein prøve å samanføye desse til eit registernummer. Dette er gratis og ein vil få ein betre oversikt ved eventuelt sall og overtaking av eigedommar. Det er ein fare t.d å utegløyme tilleggsareal ved sal, samstundes som det kan vera uoversiktleg i høve til pantehavarar og andre tinglyste hefte på eigedommen. Skjema for krav om samanslåing av eigedomar finn du her.

Tinglysingstelefon 32 11 88 00 (08.15 - 14.00).



Meir informasjon om skøyte, tinglysing m.m. finn du på Kartverket



Eigenfråsegn om konsesjonsfritak

skal liggje ved skøytet når det skal tinglysast.

Utfylt skjema skal sendast Tokke kommune for stempel og underskrift.



Meir informasjon om konsesjon, konsesjonsfritak og omsetnad av fast eigedom finn du her

  • Dalen Hotel
  • Vest-Telemark museum

tokke.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke tokke.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk