Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til botntekst

Veteken lokal forskrift

Tokke kommunestyre vedtok 20. juni i år ei lokal forskrift om «Tildeling av langtidsopphald i sjukeheim eller tilsvarande bustad særskil tilrettelagd for heildøgns tenester, kriterium og ventelister»

Bakgrunn for forskrifta er ei lovendring i pasient og brukarrettigheitslova og helse og omsorgstenestelova, om rett til opphald i sjukeheim, som trådde i kraft 1. januar 2017. Lovendringa er vedtatt for å sikra pasientar og brukarar rett til opphald i sjukeheim eller tilsvarande bustad særskilt tilrettelagt for heildøgns tenestar. Kommunen er etter lovendringa forplikta til å fastsette i forskrift kriterier for tildeling av langtidsopphald i sjukeheim. Forskrifta skal og  beskrive korleis kommunen sikrar forsvarleg oppfylging av de som står på venteliste.  Dette vil  vera med på å sikra nødvendige og forsvarlege tenestar for brukarane. Forskrifta gjeld frå 01.07.17. Vedtatt forskrift finn du her 

Per 07.07.17 har  Tokke kommune  28 sjukeheimsplasser med fullt belegg, samt  15 omsorgsbustader med heildøgns bemanning. Der er 1 leilighet ledig.  Oppdatering vil  bli lagt ut javnleg. 

Omsorg
  • Dalen Hotel
  • Vest-Telemark museum

tokke.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke tokke.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk