Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til botntekst

Verne- og restaureringsprisen 2015

Ordførar delte tysdag 8. desember ut Verne- og restaureringsprisen 2015 til Thor Morten Halvorsen. Foto: Stein Olav Lie

Halvorsen mottok prisen i 2015 for arbeidet med å restaurere MS Henrik Ibsen. Båten som han kjøpte i 2009 for 1 krone av fylkeskommunen.

Verne- og restaureringsprisen vart i 2014 delt ut til Anne Aamdal Scheie og Trond Scheie på Åmdals Verk. Før dette gjekk det 8 år frå sist prisen vart delt ut. Difor kan ein og seie at prisen heng høgt.

Halvorsen vart nominert på bakgrunn av at han har restaurert båten etter fagleg god standard og etter maritime tradisjonar. Halvorsen har i liten grad motteke offentleg støtte for arbeidet. I dag framstår MS Henrik Ibsen som eit klenodium og er også ei sentral brikke i marknadsføringa av vassvegen Telemarkskanalen. Eit einstemmig utviklingsutval stemte difor fram Halvorsen som mottakar av Verne- og restaureringsprisen 2015 i Tokke.  

Vernepris 2015
  • Dalen Hotel
  • Vest-Telemark museum

tokke.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke tokke.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk