Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til botntekst

Totalforbod mot bruk av all open eld


Brannsjefane i Telemark har fatta vedtak om forbod mot bruk av open eld utandørs i alle kommunar i Telemark.


Forbodet omfattar bruk av all open eld som kan antenne gras, skog og liknande og gjeld f.o.m. 2. juli 2018 kl. 16.00 og inntil situasjonen endrar seg. Vedtaket er fatta med heimel i lov om vern mot brann, eksplosjon og ulykker med farlig stoff mv. § 37, jf. forskrift om brannforebygging § 3.

Skogbrannfaren Østafjells er når veldig stor. Brannsjefane har på bakgrunn av dette innført totalforbod mot bruk av open eld utandørs.


DETTE KAN DU IKKJE GJERE:


• Det er ikkje lov å tenne bål og grille i nærleiken av skog, ut- og innmark.
• Det er ikkje lov å tenne bål og grille i strandsona.
• Det er ikkje lov å tenne bål eller grille på dei vanlegvis godkjente og tilrettelagte bål- og grillplassane.
• Det er ikkje lov å brenne hageavfall, sjølv på eiga tomt. Dette kan leverast inn på avfallsmottak.

Med bål forståast små kaffebål, bålpanner, stormkjøkken og andre kokeapparat med brennstoff.

Med grill forståast eingongsgrillar, kullgrillar og gassgrillar.

VENLEGAST UNNGÅ Å RINGE FOR Å BE OM LOV, DÅ INGEN DISPENSASJONAR VIL BLI GITT.

DETTE KAN DU GJERE:


Grille i din eigen hage "med aktsomhet". Er du i tvil om du oppfyller "aktsomheten" så lar du vere (engongsgrillar er ikkje tillatt).

Merk! Ved prekære hendingar kan brannvesenet leggje ned forbod mot ALL eld, sjølv i folks hagar.

I samband med eventuell skogsdrift må stor varsemd utvisast, skogdriftsaktørar kjenner farane og må nå fortløpande vurdere om situasjonen tillet drift. Det følgjer av aktsomhetskravet i lov og forskrift om brann. Det varme og tørre veret som vi har hatt i vårt distrikt i lengre tid har ført til stadvis stor fare for brann i gras og annan vegetasjon.

Forbodet gjeld inntil vedtaket blir oppheva. Brannsjefane oppfordrar alle til å respektere totalforbodet mot bruk av open eld i denne perioden.

Skader som eventuelt skulle oppstå som følgje av bruk av alle typer eld eller annan aktivitet som fører til brann kan medføre straffeansvar.

Ved brann eller farlige situasjoner, ta kontakt med brannvesenet på nødnummer 110.

Brannsjefane i Telemark

tokke.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke tokke.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk