Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til botntekst

Tokke-legatet

Med dette blir det lyst ut legatmidlar frå Tokke-legatet. Personar heimehøyrande i Tokke kommune kan søkje legatmidlar til fylgjande føremål:

• Til ungdom under utdanning utover vidaregåande skule
• Til utdanning innan klassisk musikk
• Til hjelp til eldre og andre trengjande, også til lag og foreiningar som har som føremål å hjelpe eldre og andre som treng det

 
Søknad skal sendast i brev eller epost (okonomi@tokke.kommune.no) til Tokke-legatet, Øk.avd., Storvegen 60, 3880 Dalen innan 29.10.2018. 

Søknaden skal ha vedlagt oppstilling over eller anna dokumentasjon av utgifter til tiltaket, og dokumentasjon på deltaking i utdanningstilbod inkl. betala semesteravgift. 

 
Spørsmål kan rettast til okonomi@tokke.kommune.no eller tlf 35075200.

Styret i Tokke-legatet

tokke.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke tokke.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk