Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til botntekst

Reduserar bruken av plast

Tokke kommune ynskjer å redusere bruken av plast. Det vil bli fremja eigen sak om dette som skal opp politisk. Leiargruppa har uavhengig av den politiske saka innført eit generelt forbod mot kommunalt innkjøp av eingongsmateriell i plast*, slik som plastbestikk og plastkrus. Der det må nyttast eingongsmateriell, skal papp eller anna materiale nyttast så langt det er mogleg.

*Forbodet gjeld ikkje heilt spesielle forbruksartiklar på område som ikkje har anna naturleg erstatningsprodukt tilgjengeleg.


Her er nokre enkle plastreduserande tiltak du sjølv kan gjere i kvardagen

1. Ikkje bruk plastposar, men handlenett eller papp-posar

2. Ikkje bruk sugerør, drikk rett av koppen/glaset

3. Ikkje bruk plastbestikk

4. Kaup deg ein termokopp til kaffe 

5. Fyll vassflaska heime


tokke.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke tokke.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk