Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til botntekst

TILSKOT TIL LANDBRUKET I TOKKE 2017

Informasjon om tilskotssatsar og fristar for søknad på SMIL og NMSK – midlar i landbruket, samt tilskot i medhald av landbruksplanen i Tokke.

NMSK/SMIL
Utviklingsutvalet vedtok i møte 30.03.17 retningslinene for forvaltning av dei økonomiske fagmidla SMIL og NMSK for landbruket i Tokke for 2017.

Det vert gjeve tilskot til følgjande tiltak:
  • Ungskogpleie (NMSK) 40 %   
  • Nyplanting/plantekjøp (NMSK) 25 %   
  • Kulturlandskap og verneverdige bygningar (SMIL) 20-50 %

For NMSK-midlar er det "fyrste mann til mølla". Siste frist er 01.10.2017
Rapporter til skogbrukssjefen straks tiltaket er utført. Tokke leiger inn ressursar frå Fyresdal i 2017 og kontaktperson for desse midlane er difor Skogbrukssjef i Fyresdal Aslak Momrak-Haugan, tlf. 350 67 100.

For SMIL-midlar er søknadsfristane 1. juni, 15. august og 1. oktober. 
Kontaktperson: Landbrukssjef Gunnhild Helene Breiland, tlf. 350 75 242 (måndag og tysdag fram til 1. juli 2017, kvar dag etter det).


Kommunale tilskot i medhald av landbruksplan

Det vert gjeve tilskot til følgjande tiltak:
  • Oppgradering/nybygging av driftsbygningar                                   20 %
  • Grøfting av dyrka mark                                                                    40 %

Frist: 1. september


Beite
  • Dalen Hotel
  • Vest-Telemark museum

tokke.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke tokke.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk