Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til botntekst

Klargjering og drift av badstoga Soria Moria

Som kjent har det vore utfordringar med enkelte tekniske tilhøve i badstoga som nyleg er bygd i Bandak. Her kjem litt informasjon om framdrift og igangsetjing av drift:

Det kjem til å bli installert ny badstogeomn snart, tilpassa anlegget og med høgare yting. I tillegg kjem det til å bli installert eit vifteanlegg som skal føre varmlufta ned på golvet. Vi tek sikte på å opne anlegget for publikum 14. januar 2019. Kvar onsdag blir det «drop in»/ opa badstoge kl. 15 – 21, pris kr 50,-/pers. Utover dette kan badstoga leigast for 3 timar om gongen: Grunnpris 200,- + 50,-/ pers. Sanitæranlegget på Tangane kjem til å bli oppgradert med toalett og dusj i løpet av 2019, og vil etter det bli tilgjengeleg for brukarane.

Meir informasjon kring booking, leige, betaling, osv blir lagt ut på kommunen sine heimesider og Visit Dalen etterkvart.

Soria Moria

tokke.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke tokke.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk