Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til botntekst
Sist endra: 23.09.2016Kontaktavdeling: Ordføraren

Søkarar til rådmannstilling

Sju personar har søkt på stillinga som rådmann i Tokke. Fire av søkarane er busett i Vest-Telemark. Det er seks menn og ei dame som søker stillinga.

Ordførar Jarand Felland er godt nøgd med søkarlista. Stillinga som rådmann i Tokke er ei av dei mest spennande stillingane innanfor offentleg sektor i vår region.

Eit tilsetjingsutval vil no kalle aktuelle søkarar inn til intervju. I tilsetjingsutvalet sit ordførar Jarand Felland, vararordførar Tone Dale Solvang, leiar for opposisjonen Hilde Alice Vågslid og hovudtillitsvald frå Fagforbundet Anne Vadder Midtbø. Konstituert rådmann Hans Kristian Lehmann er sekretær for utvalet.

Tilsetjingsutvalet vil kome med ei innstilling til administrasjonsutvalet. Den endelege tilsetjinga blir gjort av kommunestyret etter innstilling frå administrasjonsutvalet.

Søkarlista er som fylgjer:

 Namn Kjønn  Alder  Bustadkommune  Noverande stilling 
Kristian Espeland  M  60  Seljord Revisor og eigar av revisjonskontor
Frank Helgestad  M  49  Tokke Høgskulelektor
Dag K. Flater Hwang  M  57  Oslo Førsteamanuensis
John Kleiv  M  51  Vinje VA-ingeniør/avdelingleiar
Egil Kongsbakk  M  63  Skien Adm. direktør
Harriet Slaaen  D  50  Seljord Ass. banksjef
Frank Steinsvik  M  46  Grue Kyrkjeverje

Årsrapport
  • Dalen Hotel
  • Vest-Telemark museum

tokke.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke tokke.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk