Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til botntekst

SMIL-midlar

Har du ein verna eller verneverdig bygning som treng restaurering, eller eit gamalt kulturbeite som bør ryddast for å utvide beite? Då kan du søkje Tokke kommune om tilskot til spesielle miljøtiltak i landbruket (SMIL-tilskot). 

Prioriterte tiltak:


- Rydding av gamal kulturmark, med vekt på dei som har trong for beite eller område som vert sett på som verdifulle kulturlandskap i Tokke.

- Utvendig restaurering av verna/verneverdige bygningar knytt til jordbruk og kulturlandskap. Bygningar med ein sentral funksjon i eit tunbilete og busette eigedomar vert prioritert. 

Det er eigar av landbrukseigedomar som er i drift som kan søkje om SMIL-midlar. Tilskotssatsane varierer, men normalt mellom 25 – 40 % av godkjent kostnadsoverslag.

Søknadsfrist er 1. juni (eventuelt 1. oktober dersom me har midlar att).

Meir info her. 

Søknadsskjema 




tokke.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke tokke.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk