Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til botntekst

Skogbrann - grunneigars rettar og plikter

Etter ein tørr sumar med fleire skogbrannar både i og utanfor Tokke, har det kome spørsmål om skogeigars rettar og plikter i forhold til skogbrann.

Hovudregelen er at det offentlege har ansvaret, og ber kostnaden ved sløkkjing av skogbrann. Når brannsjefen meiner sløkkjearbeidet er ferdig blir ansvaret for vakthald overført grunniegaren. Det er då grunneigaren sitt ansvar og sjå til at brannen ikkje blussar opp att.

Dersom ein har skogforsikring i Skogbrand får ein dekt fylgjande gjennom forsikringa:

«Skader forårsaket av brann, samt kostnader til slukking og vakthold. Skader på allerede hogd virke og skader på eiendom i forbindelse med slokking kan også dekkes.»

Merk at timelister i samband med vakthald må attesterast av brannsjefen.

Ein får ikkje dekt:

«Skade på personer som har deltatt i slukking eller annen skadeutbedring
Skade på andres eiendom som følge av inngrep eller beslutninger tatt av brannvesenet»

For meir informasjon sjå HER.

tokke.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke tokke.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk