Samfunnsdelen – offentleg ettersyn
Formannskapet har vedteke å leggje framlegg til kommuneplanens samfunnsdel 2016 – 2028 for Tokke kommune på høyring. Frist for innspel/ merknader er 2. mai 2016. Folkemøte om planen på Dalen og i Høydalsmo blir annonsert seinare.
Formannskapet vedtok i møte 3. februar framlegg til kommuneplanen sin samfunnsdel for Tokke kommune 2016 – 2028. I løpet av april vil det bli arrangert opne møte om planframlegget. Eiga annonsering om desse vil kome då.
Merknader til planen skal sendast til Tokke kommune, Storvegen 60, 3880 Dalen eller på e-post til
postmottak@tokke.kommune.no . Spørsmål kan rettast til Plan- og næringssjef Gunhild Austjord, tlf. 350 75 200, e-post
gunhild.austjord@tokke.kommune.no
Plandokument saman med vedlegg til planen ligg her.