Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til botntekst

Oppstart av arbeid med reguleringsendring Dalen sentrum, høyring av planprogram

I medhald av Plan- og bygningslova §§ 12-8 og 12-9, jfr vert det med dette varsla oppstart av arbeid med reguleringsendring Dalen sentrum. Framlegg til planprogram for arbeidet vert samstundes lagt ut til offentleg ettersyn.

Formannskapet vedtok i sak 18/6 oppstart av arbeid med endring av reguleringsplan Dalen (2005) med tanke på å leggje til rette attraktive utbyggingsareal for leilegheiter nær Bandak. Planområdet ligg i området frå Tangane til Dalen bryggje. I medhald av Plan- og bygningslova §§ 12-8 og 12-9, jfr vert det med dette varsla oppstart av arbeid med mogleg reguleringsendring. Framlegg til planprogram for arbeidet vert samstundes lagt ut offentleg ettersyn. Planprogrammet gjer nærare greie for planen si avgrensing, overordna rammer for arbeidet, prosess, alternative areal for utbygging, tema som skal konsekvensutgreiast, m.m.


Vedtak formannskap

For nærare informasjon, ta kontakt med Plan- og næringssjef Gunhild Austjord, 350 75 200.

Innspel til planarbeidet eller til planprogrammet, skal sendast postmottak@tokke.kommune.no  innan 19. juni 2018.

  • Dalen Hotel
  • Vest-Telemark museum

tokke.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke tokke.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk