Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til botntekst
Sist endra: 17.02.2017Kontaktavdeling: Oppvekstetaten

OPPTAK TIL BARNEHAGANE OG SFO

Søknadsfrist 28.februar 2017. Send søknad elektronisk.

Søknadsskjema finn du her

Tilbod barnehage:
• Dalen barnehage.
• Dalen barnehage Åmdalsverk
• Høydalsmo barnehage  
• Høydalsmo barnehage Lårdal 
Barnehagane kan tilby 2, 3, 4 og 5 dagars tilbod
Dei som alt har plass i barnehage, har denne inntil dei søkjer om endring eller seier opp plassen sin.

Barn som fyller eitt år innan utgangen av november har rett til barnehageplass frå den månaden dei fyller
eitt år. Retten gjeld berre dersom det er søkt innan 28.februar, til hovudopptaket.
Barn som fyller eitt år seinare enn november, og som ikkje får plass i hovudopptaket, vil bli sett opp på
søkjarliste og tildelt plass dersom det blir ledig plass i barnehagane. Det blir tildelt ledige plassar ut frå retningslinene i Vedtekter for barnehagane i Tokke.

Tilbod sfo:
• Tokke skule, sfo 
• Tokke skule, sfo ÅmdalsVerk ( tilbodet er i samarbeid med barnehagen på ÅmdalsVerk )
• Høydalsmo skule, sfo
• Høydalsmo skule, sfo Lårdal (  tilbodet er i samarbeid med barnehagen i Lårdal) 
Sfo har heildagstilbod på torsdagar.  Dei andre dagane er det morgon og ettermiddagstilbod
I sfo må ein søkje om tilbod for kvart år. 

Nytt barnehage- og sfo-tilbod startar i år torsdag 17.08.2017, grunna planleggingsdagar 15.08 og 16.08.

SFO
  • Dalen Hotel
  • Vest-Telemark museum

tokke.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke tokke.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk