Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til botntekst

Vil bruke skjønsmidlar til nye heimesider

I dagens VTB kan du lese om at Vest-Telemarkrådet samrøystes gjekk inn for å betre kommunane sine heimesider. Rådet ynskjer å bruke skjønsmidlar til fornyinga.

Kommunane i Vest-Telemark samarbeider i dag gjennom eit uformelt forum, kalla «Webforum». Samarbeidet har mellom anna hatt som oppgåve å gjennomføre felles prosjekt knytt til nettsidene, og ei fagleg deling av driftskunnskapar mellom kommunane.

Deltakarane i forumet har ei stund sett behovet for å få på plass nye og framtidsretta heimesider og er glad for at Vest-Telemarkrådet ynskjer å bruke skjønsmidlar til prosjektet.

Les meir om saka i dagens VTB.

tokke.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke tokke.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk