Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til botntekst
Sist endra: 27.02.2019Kontaktperson: Per Wraa

Løypenett for snøskuter i Tokke kommune

Informasjon om høve til å etablere løypenett for snøskuter i Tokke kommune

Me ser at det stadig dukkar opp spørsmål knytt til etablering av løypenett for snøskuter. Kommunestyret gjorde fylgjande vedtak i sak 16/38, 16. juni 2016:

Tokke kommune ser positivt på å få løyper for fritidskøyring med snoscooter i Tokke. Kommunestyret vil difor tilrå at lag/organisasjonar i kommunen kjem med framlegg om løyper som dei ynskjer å nytte til fritidskøyring. Søknader sendast kommunen og blir vurdera bygdevis/grendevis.

Med andre ord, så er det høve til å søkje om dette og kome med framlegg til trasèar. PNT - etaten kan bistå med rådgjeving, kart og informasjon om grunneigarar, vurderingar/omsyn som må leggjast til grunn ved trasèval m.m. Grunneigarar langs aktuell trasè må vere positive til løypa.

Kontaktperson: Skog- og utmarksrådgjevar Per Wraa tlf 350 75 200.


tokke.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke tokke.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk