Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til botntekst

Kommunale tilskot til landbruket

Tokke kommune utvidar ordninga med kommunale tilskot til landbruket

Frå og med 2019 er det høve til å søkje om kommunalt tilskot til nydyrking, drenering og til nybygg eller oppgradering av driftsbygningar til landbruksføremål.

I møte i Utviklingsutvalet 14.02.2019 vart følgande vedtak gjort:

Vedtak

Prioritering av tiltak og løyvingar etter landbruksplanen frå og med 2019 vert slik:

1. Det kan søkjast kommunalt tilskot til nydyrking, drenering og oppgradering eller bygging av nye driftsbygningar.

2. Søkjar må ha framdrift i prosjektet for at det skal bli utbetalt tilskot og det må sendast inn eit enkelt rekneskap med dokumentasjon av kostnadar før utbetaling.

3. Ramme for tilskot til driftsbygningar vert auka til maksimalt kr. 500 000,-. Det kan gjennomførast 2 utbetalingar pr. år, 01.06. og 01.12.

4. Økonomisk ramme for tilskot vert løyvd årleg, og storleik på utbetalingar skal sjåast i samanheng med løyvde midlar og mengde søknadar. Kommunen har høve til å dele opp utbetalingane til den enkelte søkjar.

5. Løyvingar vert elles gjevne etter dei vilkår som står i landbruksplanen.

Søknadsskjema finn du HER. 

Søknadsskjema til: postmottak@tokke.kommune.no  


tokke.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke tokke.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk