Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til botntekst
Sist endra: 27.02.2017Kontaktavdeling: Økonomiavdelinga

Kommunale eigedomsgebyr og eigedomsskatt 2017

Etter §15 i lov av 6.juni 1975 om eigedomsskatt til kommunane, er liste over eigedomsskattane for 2017 lagt ut til offentleg gjennomsyn på økonomiavdelinga (kommunekassa) i 3 veker frå tysdag 28.februar 2017. Skattesatsen er 0,7% på verk og bruk, etter kommunestyrevedtak 13.12.2016. Eventuell klage på utskrivinga av eigedomsskatt må vera innsendt til eigedomsskattekontoret/økonomiavdelinga innan seks veker frå skattelista er lagt ut eller skattesetelen/fakturaen sendt ut.  
Renovasjonsgebyret og gebyr for feiing/brannsyn er ikkje auka i 2017, vatn/avløp auke 7% og slam/septik auke med 3,6%.  Innbetalingskort for 1.termin kommunale eigedomsgebyr og eigedomsskatt er under utsending.

Teknisk etat/øk.avd., 28.februar  2017

Prosent
  • Dalen Hotel
  • Vest-Telemark museum

tokke.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke tokke.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk