Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til botntekst

Informasjon om prisnivå på vatn- og avlaupsgebyr m.m. i Tokke kommune

Tokke kommune står ovanfor mange investeringar innan vatn- og avlaupssektoren i åra som kjem. For å kunne få støtte frå sentrale myndighetar  vert det stilt krav om dekningsgrad via avgiftene på 100%. Tokke kommune har i mange år subsidiera kostnadane innbyggarane har på dette området. Lovverket gjev høve til inndekking av alle utgifter knytt til tenestar som offentleg vatn/ avlaup, feiing og renovasjon, kalla «sjølkost – prinsippet»: https://www.regjeringen.no/no/tema/kommuner-og-regioner/kommuneokonomi/okonomiforvaltning/selvkost/id2006421/ 

Sjølvkostgraden i Tokke var om lag 50% på vatn og 60% på kloakk i 2009, dvs at litt over halvparten av reelle utgifter blei dekt inn att gjennom avgiftene. Det låg difor eit potensiale for auka inntekter på om lag 4 mill. Kommunestyret vedtok så i sak 13/62 følgjande som føringar til budsjettarbeidet for 2014: Dekningsgraden på vatn, kloakk og feiing må vurderast og trappast opp til 100% innan 2018. Opptrapping av gebyr og avgifter har gjennom budsjettarbeida i dei påfølgande åra, auka med 15% i 2014, 2015 og 2016, og 7% i 2017. I Tokke har vi ein dyr struktur og drifte på vatn- og avlaup med 5 reinseanlegg og 5 vassanlegg, spreidd rundt i heile kommunen. Fleire stader er det dessutan store behov for utbetringar: Det gjeld leidningsnettet på Dalen, vassanlegget i Høydalsmo (Mangan – problem), behov for ombygging og auking av kapasiteten på Hallbjønnsekken m.m. På fleire av anlegga er det få abonnentar tilknytt til anlegget, noko som gjev store einingskostnader. Det er vidare noko skilnad på avgiftsnivået på vatn og avlaup med bakgrunn i storleik på hus, der grensa er 130 kvm. Større forbruk/ anlegg i store hus, er bakgrunnen for dette. 

Avgifter på renovasjon/ septik, og feiing/ tilsyn følgjer vedtaka i dei kommunaleigde selskapa; Renovest IKS og Vest – Telemark brannvesen, og gebyra her er nyleg endra som følgje av lovverket. Hytter og hus er nå likestilte, noko som gjev seg utslag i høgare pris for hytter, og noko lågare for hus. 

Når det gjeld kor høgt nivået i Tokke er på dei offentlege avgiftene samla sett, etter fleire år med opptrapping, er vi på 13. plass av 18 kommunar i Telemark. Tokke har ikkje innført eigedomsskatt på hus/ hytter.

Døme hus under 130m2 BRA* blir slik (prisar inkl. MVA):

Vassabonnement hus                              2464,-                                      2464,-

Forbruk<130m2 BRA                              1976,-           >130m2 BRA        2968,-

Kloakkabonnement bustad                      4941,-                                      4941,-

Kloakkforbruk bustad <130m2 BRA          3959,-           >130m2 BRA       5940,-

Totalt VA                                               13 340,-                                 16 313,-


* BRA = Bruksareal


Plan, næring og teknisk etat


Vatn

tokke.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke tokke.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk