Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til botntekst

Idrettsstipend - søknadsfrist 15.oktober

Tokke kommune gjev kvart år ut eit idrettsstipend på kroner 15 000,-. 

Alle innbyggjarar i Tokke har høve til å føreslå kandidatar til idrettsstipendet til unge idrettsutøvarar

Unge idrettsutøvarar mellom 16 og 20 år kan søkje om idrettsstipend. Tildeling skjer etter

anbefaling frå Tokke idrettsråd. Tilskotet vert fordela etter tilgjengelege midlar og talet på

søkjarar, basert på korleis søkjarane oppfyller kriteriene. Ved fleire søkjarar står idrettsrådet og

utviklingsutvalet fritt til å rangere søkjarar og fordele midlar til ein eller fleire av søkjarane.

Kriterier:

1. Må ha fylt 16 år i søknadsåret kan fylle 20 år i søknadsåret.

2. Må drive seriøs satsing innanfor ein idrett og syne til deltaking i konkurransar på

nasjonalt nivå.

3. Må vere medlem av idrettslag eller klubb i Tokke kommune (kan gjerast unntak ved

mindre idrettar der Tokke ikkje har eigen klubb innanfor den aktuelle grein og søkjaren

er busett i Tokke).

4. Må ha vedlagt uttale frå trenar/ klubbansvarleg om utvikling og satsing.

Søknadsfrist 15. oktober. Elektronisk søknadsskjema finn du HER.


tokke.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke tokke.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk