Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til botntekst

Gratis HPV-vaksine

Gratis HPV-vaksine til kvinner fødde 1991 og seinare.

Alle kvinner fødde 1991 og seinare får hausten 2016 tilbod om gratis vaksine mot humant papillomavirus (HPV-vaksine) gjennom eit to-årig vaksinasjonsprogram. Oppstart av programmet blir i november 2016. Vaksina blir anbefala til unge kvinner for å førebyggje livmorhalskreft og forstadie til livmorhalskreft forårsaka av HPV-infeksjon. 

HPV-infeksjon er den vanlegaste seksuelt overførbare infeksjonen i verda. Dei fleste som er seksuelt aktive blir smitta i løpet av livet, dei fleste i ung alder. Infeksjonen er som regel ufarleg og går over av seg sjølv, men nokon får ein vedvarande infeksjon som på sikt kan føre til livmorhalskreft. Kvart år får om lag 300 kvinner i Noreg livmorhalskreft og 65-100 døyr av sjukdomen. Vaksina kan beskytte sjølv om ein har debutert seksuelt.  

HPV-vaksine har vore ein del av barnevaksinasjonsprogrammet til jenter i 7.klasse sidan 2009. Frå hausten 2016 kan uvaksinerte kvinner fødde 1991 og seinare (fødde mellom 1991-96) også få tilbod om gratis HPV-vaksine. Tilbodet er midlertidig og varer i ein toårsperiode frå hausten 2016. Vaksinasjonen består av tre vaksinedoser, gjevne i løpet av 6-12 månader. Tilbodet gjeld innan utgangen av 2018. 

Telefon 35 07 55 50 , 47 60 38 08 

E-post: helsestasjonen@tokke.kommune.no  

Tilbod om vaksinering på Tokke helsestasjon :

Onsdag  9. november 2016      kl  15.30-18.00
Tysdag 13. desember 2016      kl 15.30-18.00
Tysdag          13. juni 2017     kl 15.30-18.00




Vaksinasjonen kan føregå der de oppheld dykk/ går på skule eller i heimkommunen. Gjennomføring av vaksinasjon i kommunen vert annonsera. 
Meir informasjon om HPV og HPV-vaksine er på Folkehelseinstituttets nettside

HPV-vaksine
  • Dalen Hotel
  • Vest-Telemark museum

tokke.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke tokke.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk