Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til botntekst

INFORMASJON OM FLYKTNINGARBEID I TOKKE KOMMUNE

Kommunestyret i Tokke kommune gjorde sommaren 2014 vedtak om å ta imot 20 flykningar i perioden 2014 -2016. Kommunen har gjort avtale og inngått eit samarbeid med Telemark lys for å fylja opp vedtaket på best mogleg måte.

Integreringskoordinator Hege Rokseth frå Telemark lys,  organiserer og  fylgjer opp arbeidet med flyktningane. Karl Rune Hansen i Telemark Lys er og regelmessig på Dalen og hjelper dei med praktiske saker. Dei vert transportera av Telemark Lys til og frå Fyresdal kor dei gjeng på voksenopplæring.  

Tokke kommune har i vår tatt imot 2 flyktningfamiliar frå Eritrea. Det er to familiar med born  i alderen 4 – 17 år.

Generelt om flyktningar:

I trå med internasjonale forpliktelser og norsk lovgjeving innvilgas det opphald og beskyttelse i Noreg til menneskje på flukt.

Flyktningar er personar som får opphald i Noreg fordi dei enten fyller villkår i flyktningkonvensjonen, eller som står i reell fare for å bli utsatt for dødsstraff, tortur eller straff ved tilbakevending til heimelandet. Enkelte asylsøkjar har ikkje eit behov for beskyttelse som gjer rett til asyl, men det føreligg likevel sterke menneskeleg omsyn som tilseier at det bør gis opphald på humanitært grunnlag.

 

Tokke kommune og Telemark lys,  planlegger eit opent  informasjonsmøte om generelt flyktningarbeid og kva som er spesielt for Tokke kommune, i august.  Invitasjon blir lagt ut på heimesida etter kvart.

 

Ved spørsmål eller dersom dykk lurar på noko, så er dykk velkommen til å ta kontakt med kommunen sin kontaktperson Ann Wraa tlf: 35 05 55 55 / 97 02 14 22

FlykningarbeidFargerikt fellesskap
  • Dalen Hotel
  • Vest-Telemark museum

tokke.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke tokke.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk