Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til botntekst

Flaumsikringsarbeid på Dalen

Arbeid med flaumsikring av Tokkeåi del 2, Dalen bru – Åheim + Buøy, har starta opp.

Det må påreknast auka anleggstrafikk i sentrum generelt, ved barnehagen, Åheim, Buøy og elles på tilførselsvegane i området. Skorve anlegg AS som er entreprenør, vil ha riggplassar på arealet før barnehagen og på Buøy. Arbeidet med betongmur ved barnehagen er alt sett i gang. Flaumsikringa av Buøy vil ha høg prioritet utover vinteren. Heile arbeidet med flaumsikring av del 2, skal etter planen avsluttast hausten 2018.

Sikkerheit kring anlegget har høg prioritet, og vi ber folk vise varsemd og tolmod i anleggstida.


Buøy flaumsikring
  • Dalen Hotel
  • Vest-Telemark museum

tokke.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke tokke.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk