Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til botntekst

Informasjon om endring i kommunale VA-avgifter for 2019

Lik årleg VA-avgift for hytter og fastbuande fører til om lag 5 % auke for fastbuande.

Tokke kommune fakturerar 4 slag årlege kommunale avgifter*:
- vassavgift
- kloakkavgift
- renovasjonsavgift
- feieavgift.

I tillegg pålegg regelverket kommunane å krevje inn tilknytingsgebyr* når eit bygg vert kopla til eit kommunalteknisk anlegg. Tokke kommune fakturerar avgiftene 4 gongar i året.

I 2018 har kommunen hatt ein prosess og dialog med hyttevelforeiningane på Skafsåheia ut frå ei erkjenning av at vatn- og kloakkavgiftene for fritidsbustader var urimeleg høge samanlikna med fastbuande. I røynda betala hytter med innlagt vatn og avløp om lag 50 % meir for desse tenestane samanlikna med fastbuande både gjennom ei høgare årleg avgift samt eit tilknytingsgebyr på om lag kr 106 000,-. Fastbuande betalar berre kr 1,- i tilknytingsgebyr.

I budsjettet for 2019 vedtok kommunestyret å redusere tilknytingsgebyret med om lag 30 % samt å jamstille hytter og fastbuande ved betaling av dei årlege avgiftene. Dette skal skje innafor ei økonomisk ramme som er 3 % høgare enn i 2018, og etter prinsippet om sjølvkost for VA-sektoren samla. Kommunen reknar ikkje ut kor mykje det kostar å levere vatn og reinse avløp for dei ulike vassforsynings- og reinsedistrikta i kommunen, men ser berre på dei samle kostnadane for dette då ein ynskjer å ha lik VA-avgift om ein bur på Dalen, i Høydalsmo eller har hytte på Skafsåheia.

Verknaden av kommunestyret sitt vedtak om like kommunale VA-avgifter innafor den same økonomiske ramma, er at fastbuande får auka sine utgifter til dette med om lag 8 %, medan hytter får ein nedgang på om lag 15 % i 2019 samanlikna med 2018. Dette inkluderer auken på 3 % som gjeld alle.

Hytter vil reelt sett framleis betale meir enn fastbuande gjennom tilknytingsgebyret på kr 76 740,- (felt SØR) og kr 51 156,- (felt VEST). Skilnaden på felt SØR og VEST skuldast at VEST har sitt eige vassforsyningsanlegg.
Fastbuande i Tokke betalar ei krone i tilknytingsgebyr, og investerings-/kapitalkostnadane for kommunaltekniske anlegg som ikkje vert dekt opp av tilknytingsgebyret vert dekt gjennom dei årlege avgiftene.

Renovasjon- og feieavgifta er felles for Vest-Telemark då kommunane på desse områda samarbeider (Nissedal har ei anna renovasjonsordning).  Her vert også dei årlege avgiftene fastsett ut frå kostnadene med å produsere tenesta (sjølvkost).

Satsane for kommunale avgifter for 2019 finn du her.

Vil du lesa meir om regelverket som styrer kommunale avgifter er forureiningsforskrifta Del 4/4A, ein god stad å starte.

Har du spørsmål om dette kan du kontakte Tokke kommune ved sakshandsamar Olav Bjørn Bakken, tlf 900 54 978, eller obb@tokke.kommune.no

*Avgift vert her nytta som omgrep for dei årlege betalingane som skal dekkje drift og vedlikehald av kommunaltekniske anlegg, medan gebyr vert nytta om den eingongsbetaling som skal dekkje investeringskostnadane med anlegget.

 















tokke.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke tokke.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk