Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til botntekst

Elgkvoter 2017

Tokke kommune har totalt sett ei bra elgstamme. Den fekk seg ein liten knekk i delar av Tokke i 2014 og har ikkje kome seg opp att i alle områda. Vi ser nå ein kommune med store ulikheitar i elgstamma.

Kvoter for elgjakta i Tokke i 2017 vert lagt på same nivå og fordeling som for 2016, med årleg justering for lag som berre har eit dyr, slik det går fram av tabellane under.

Det vert gjeve fellingsløyve på 144 dyr, same som i 2016. Bak kvart løyve ligg 4386 daa. I denne fordelinga ligg storvaldet inne med sine frie dyr. Desse er ikkje med i vedtaket. Dei har eiga sak på bestandplanane sine. 
Dette vedtaket er heimla i vedtak om målsettinga i elgforvaltninga i Tokke, vedteke 6. april 2016 i UTU og § 21 og 9 i forskrift om hjorteviltforvaltning. 

Vedtaksdokumentet finn du her.



Elg
  • Dalen Hotel
  • Vest-Telemark museum

tokke.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke tokke.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk