Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til botntekst

Kunngjering og høyring – utbygging av breiband i Tokke kommune

Tokke kommune vurderar å søkje om statlege tilskot til vidare utbygging av breiband i kommunen. 

Regjeringa har gjeve Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit i oppgåve å administrere tilskotsordninga. 

Søknad om midlar blir sendt gjennom Telemark fylkeskommune.
I samband med dette ber vi verksemder og innbyggjarar om å kome med innspel snarast, og seinast innan 25. april 2017

Kommunen vil prioritere å søkje om tilskot til område med låg kapasitet, og som ligg lite til rette for vanleg kommersiell utbygging. Antal potensielle kundar i området vil ha betydning for prioritering/ søknad.

Innspel kan sendast som e-post til postmottak@tokke.kommune.no, merka "Breibandutbygging 2017".
Kontaktperson i kommunen er Plan- og næringssjef Gunhild Austjord, tlf. 350 75 241,  gunhild.austjord@tokke.kommune.no


HP x360
  • Dalen Hotel
  • Vest-Telemark museum

tokke.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke tokke.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk