Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til botntekst

Ekstraordinær bandtvang

Ekstraordinær bandtvang, Tokke kommune

Med heimel i lov av 4. juli 2003 nr. 74 om hundehald (hundeloven), § 6 andre ledd bokstav f, har Tokke kommune den 13.02.2018 fastsett fylgjande forskrift;





§ 1. Av omsyn til viltet vert det på grunn av ekstraordinære snomengder og vanskeleg mattilgang, innført ekstraordinær bandtvang i heile Tokke kommune. Dette inneber at alle hundar skal haldast i band, eller være forsvarleg innestengt eller inngjerda.



§ 2. Forskrifta gjeld alle hundar med unntak for:

- Dressert bufehund når han vert bruka til å vakte bufe.

- Hund i aktiv politi-, toll-, militær- og redningsteneste, eller hund under trening eller prøving for slik teneste.

- Hund i aktiv bruk som ettersøkshund etter skada eller sjukt vilt.



§ 3. Denne forskrifta trer i kraft straks og gjeld inntil vidare, men ikkje utover 01.04.18, når ordinær bandtvang etter same lov, § 6 fyrste ledd tek til å gjelde.

Sjå forskrift om ekstraordinær båndtvang, Tokke Kommune, Telemark



Elg om vinteren
  • Dalen Hotel
  • Vest-Telemark museum

tokke.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke tokke.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk