Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til botntekst

Tokkehallen

Om ikkje anna er opplyst skal du nytte dette skjema for å tinge hallen.



Prisar for leige:

  kr pr time 1 kveld/ dag inntil 12 t 
 Leige av hallsone m/garderobar - bedrifter/ privat/ lag utanfor kommunen kr 300,-  
 Leige heile hallen m/garderobar - bedrifter/ privat/ lag utanfor kommunen kr 600,-  kr 2500,-
 Leiga av hall til festar/ inntektsgjevande arrangement    kr 4000,-
 Leige spinningrom bedrifter/ privatpersonar kr 200,-  
 Leige styrkerom (utanom ordinære opningstider) kr 200,-  
 Leige fotballbane med garderobar (lag utanfor kommune/ bedrifter) kr 400,-  kr 1500,-
 Ved ekstra bruk av ekstra vaktmeistar/ reinhald kr 1000,-  


Felles.

Alle leigeprisar gjeld for 1 kveld/ dag \leige utover 1 dag må avtalast i kvart einskild tilfelle. Rigging og nedrigging ved td bryllup eller arrangement som krev dette kan gjerast 1 dag i forkant/ etterkant dersom det er praktisk utan ekstra leige. Dette må avklarast med kommunen på førehand.

Lag og organisasjonar som driv frivillig verksemd og er tilhøyrande i Tokke kommune har gratis bruk med unntak av større inntekstgjevande arrangement. Ved inntektsgjevande arrangement som td dansefestar vil lag og org kunne søkje til etaten for kultur om å få dette til redusert pris/ gratis som ein stønad dersom dette vil vere ei viktig inntektskjelde for laget.

All utleige skjer kun ved atterhald om ledig tid. Aktivitet for barn og unge i regi skule/ kulturskule er prioritert deretter aktivitet for barn og unge i regi lokale frivillige foreninger og deretter lokale frivillige sin aktivitet.

Huset skal leverast rydda og klargjort for finvask. Ekstra vask pga urimeleg fakturerast 1000,-/ time.

Alle brukarar må setje seg inn i og syne gjester brann og evakueringsplan på huset og ellers fylgje dei oppslag og vedtekter knytt til det enkelte lokale.


tokke.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke tokke.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk