Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til botntekst

Tokke kulturhus

Vedtekter for utleigeprisar ved Tokke kulturhus.

 

  1. Det skal betalast husleige berre for inntektsgjevande samkomer, salsmesser og private samkomer. Alle lag i kommunen får leige huset vederlagsfritt.

Dette gjeld også om laget tek inngangspengar for å dekke utgiftene ved tilskipinga. Som hovudregel kan også utanbygds lag få leige huset vedrelagsfritt, men lag frå Tokke har førerett,

 

  1. Utleigeareal er: salen i 1. høgda (Gullbjørgsalen), møterom (Gygreburet) og utstillingssal i 2. høgda (Aneloftet) og undervisingsromet i 2. høgda (Ripilen), etter drøfting og samtykkje med dei faste brukarane av romet.

 

  1. Satsane ved utleige som det skal betalast for, er slik:

 

Sal (Gullbjørgsalen) m/ kjøken kr 3500,-  
Vestibyle (inkl kjøkken og garderober) kr 2500,-  
Gygreburet inkl kjøkken oppe kr 400,-  
Heile huset utanom basseng (seminar, bursdag, bryllaup mm.)  kr 4000,-  
Festar/ inntektsgjevande arrangement kr 5000,-  
Basseng kr 1000,-  time (5 til 12 t kr 4500,-)
Ved ekstra bruk av ekstra vaktmeistar/ reinhald kr 1000,-  per time

 

  1. Utanbygds lag må betale for vask av lokalet.

 

  1. Ved private samkomer, som t.d. bryllaup, konfirmasjonar og liknande, vert prisen den same som for andre inntektsgjevande tilskipingar.

 

  1. Søknader om fritak frå å betale husleiga, vert delegert til kuultur- og oppvekstsjefen. Avgjerda skal leggjast fram som referat til kultur- og oppvekstutvalet. Avgjerda kan også ankast inn for kultur- og oppvekstutvalet som ankeinstans.

 

  1. Dersom det er usemje om korleis reglane skal tolkast, vert slike tvistar avgjorde av kultur- og oppvekstsjefen og leiaren av kultur- og oppvekstutvalet. Dersom dei ikkje er samde, skal spørsmålet leggjast fram for kultur- og oppvekstutvalet.

Om ikkje anna er opplyst skal du nytte dette skjema for å tinge lokale.

Dersom noko er uklart så ta kontakt med Tokke bibliotek:


 

BILLETTPRISAR I SYMJEBASSENGET:

 

Barn til og med 10. klasse kr 25,-
Vaksne kr 40,-
Skuleungdom kr 25,-
  • Dalen Hotel
  • Vest-Telemark museum

tokke.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke tokke.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk