Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til botntekst

Prosjektstilling i Vest-Telemarkrådet

3 ÅRIG PROSJEKTSTILLING SOM DIGITALISERINGSKOORDINATOR

Vest-Telemarkrådet er eit regionalt samarbeidsorgan for kommunane; Fyresdal, Kviteseid, Nissedal, Seljord, Tokke og Vinje.

Arbeidsgjevar: Vest-Telemarkrådet
Stillingstittel: Digitaliseringskoordinator
Stad: Kviteseid
Frist: 5. juni 2018
Tiltreding: Snarast
Varighet: Prosjektstilling. Varigheit til juni 2021.

Vil du ta ei sentral rolle i å etablere framtidas tenester, og ha ei aktiv rolle i arbeidet med innovasjon og digitalisering for seks av Telemarks flottaste kommunar?

Er du nysjerrig og trur du på digital begeistring?

Som digitaliseringskoordinator vil du vera med på utviklinga i det nye samarbeidet «Digivest». Du vil ha i oppgåve å koordinere innspel, planlegge og leie prosjektarbeid - i tett samarbeid med dei seks rådmennene og fagpersonar frå kommunane i Vest-Telemark.

Arbeidet vil være allsidig, så det er viktig at du er uredd og viljug til å gripe tak i nye oppgåver.

Gjennom brukarinvolvering og brukarorientert design skal du hjelpe oss med å skape ein enklare kvardag for tilsette, innbyggjarar og næringsliv i Vest-Telemarkkommunane.

Vi søkjer ein dyktig, målretta og engasjert person som kan leie våre 6 kommunar inn i framtida og bistå dei i digitaliseringsarbeidet.

Arbeidsoppgåver
• Vera digital begeistringsagent
• Forankre arbeidet og skape forståing for endringar i 6 ulike kommunar
• Leie utviklinga av tenester basert på forretningsbehov frå kommunen gjennom Digivest
• Bistå fagområda med innovasjons- og rådgjevingskompetanse
• Planlegge, leie og organisere ulike digitaliseringsprosjekt
• Delta i fagnettverk regionalt og nasjonalt knytt til digitalisering, og vera fagleg oppdatert
• Vera kommunane sin ressursperson knytt til personvern (GDPR). Del av samarbeidet i Digivest
Søkjar bør ha
• Relevant utdanning på bachelor eller master nivå (relevant erfaring kan kompensere for krav til utdanning)
• God prosessforståing for å sikre samsvar mellom forretningsmessige behov og teknologi
• God forståing rundt teknologiske trendar generelt og kommunal sektor spesielt
• Kompetanse og forståing for prosessdesign og endringsleiing
• Erfaring med å navigere politisk og på tvers i offentleg sektor for å få gjennomslag for planar
• Kan vise til konkrete resultat innafor innovasjon, tenesteutvikling og gevinstrealisering
• God norsk skriftleg og munnleg framstillingsevne. Målform er nynorsk
• God oppdragsforståing og eignetheit vil bli vektlagt

Ein vil legge vekt på/personlege eigenskapar
• Du er strukturert og har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
• Utåtvend og læringsvillig
• Du er framtidsretta, kreativ og engasjert
• Du er løysingsorientert, har sterk gjennomføringsevne, og skapar entusiasme
• Du er en relasjonsbyggjar

Vi tilbyr
• Stillingsbrøk: 100%
• Løn etter kvalifikasjonar
• Gode pensjonsordningar i KLP
• Kontorstad i hyggeleg miljø i næringshagen i Kviteseid sentrum
• Tilsetting skjer elles på dei vilkår som til ei kvar tid framkjem av gjeldande lover, reglement og tariffavtaler
• Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om å ikkje bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppfordringa ikkje blir tatt til følge, blir søkjaren varsla om dette, jf Offentleglova § 25


For nærare informasjon om stillinga, ta kontakt med regionrådsleiar Anne Aasmundtveit,
tlf. 402 38 178.
Søknad med CV sendast Vest-Telemarkrådet på epost: aa@vest-telemark.no



  • Dalen Hotel
  • Vest-Telemark museum

tokke.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke tokke.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk