Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til botntekst

Bygg-/eigedomsforvaltar ID 515

Eigedomsforvaltar
Tokke kommune har ledig 100% fast stilling som bygg- og eigedomsforvaltar. Stillinga ligg for tida til teknisk etat.

Arbeidsoppgåver og ansvar som mellom anna vert lagt til stillinga:
• Dagleg drift/organisering av bygningsmassa inkl. reinhald.
• Oppfyljing av personell 
• Vedlikehaldsplanar for kommunale bygg
• Planlegging og ansvar for organisering av vedlikehald etter gjeldande plan
• Prosjektarbeid på teknisk etat

Me ynskjer søkerar med bachelor eller tilsvarande realkompetanse, og med erfaring innan:
• Vedlikehald av bygg
• Prosjektleiing/prosjektarbeid
• Økonomistyring ved gjennomføring av prosjekt

Personlege eigenskapar:
• Vere systematisk
• Resultatorientert 
• God munnleg og skriftleg framstillingsevne
• Gode samarbeidsevner og serviceinnstilling

Kommunen kan tilby:
• Variera og utfordrande arbeidsoppgåver
• Løn etter kvalifikasjonar
• Vanlege kommunale tilsettingsvilkår
• Pensjons- og forsikringsordningar i KLP
• Gjensidig prøvetid på 6 mnd
• Hjelp til å skaffe bustad

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk.

Nærare informasjon om stillinga kan rettast til konstituert Teknisk sjef Gunhild Austjord tlf 35 07 52 41 eller Rådmann John Kleiv 35 07 52 01

Søknadskjema.


Kopi av attestar og vitnemål sendast på oppfordring eller ved frammøte til intervju.


Velkommen med søknad innan 3. april 2017. 

  • Dalen Hotel
  • Vest-Telemark museum

tokke.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke tokke.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk