Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til botntekst

Ledige stillingar i helse- og omsorgsetaten ID 618-628

Tokke kommune fortsetter å utvikle helse og omsorgstenestane. 

Vi søkjer nå etter nye kollegaer i fleire av våre avdelingar. Er du interessert i å vera med på å utvikla tenestane våre? Då er du kanskje vår nye kollega!

Helseavdelinga lyser ut fyljande stillingar :


100 % fast stilling som avdelingsleiar for helseavdelinga ID 618

Søkjar må ha minimum helsefaglig utdanning frå høgskule/universitet minimum på bachelor-nivå, fortrinnsvis med formalisert leiarkompetanse og relevant leiarerfaring.

Stillinga er ei del av kommunalsjefen sitt leiarteam.

Helseavdelinga omfattar legekontor, helsestasjon, psykisk helseteneste og fysio- ergoterapitenesta.

Stillinga omfattar fyljande:
  • Personalansvar
  • Ansvar for oppfylging og utvikling av kvalitetsarbeid
  • Ansvar for at organisering og gjennomføring av oppgåver i avdelinga i samsvar med verdiar, mål, lov og forskrift
  • Delegert budsjett- og økonomiansvar for helseavdelinga
  • Tenesteutvikling
  • Kvalitetsarbeid
  • Hovudansvar for daglege drift på legekontor

Kvalifikasjonar for stillinga:
  • Helsefaglig utdanning frå høgskule/universitet minimum på bachelor-nivå, fortrinnsvis med formalisert leiarkompetanse, og relevant leiarerfaring. Dersom søkjar ikkje har leiarutdanning, så må søkjar forplikte seg til å gjennomføre slik utdanning.
  • Erfaring og god kompetanse med ulike dataprogrammer
  • Søkar må beherske norsk språk på høgt nivå, både munnleg og skriftlig
  • Personlig egnethet vil vektleggast


100 % fast stilling som helsesjukepleiar (helsesøster) ID 619

Stillinga er tillagt ordinær helsestasjons- og skolehelsetjeneste etter gjeldande lover og retningslinja.

Helsestasjons- og skulehelsetjenesten er for tida organisert i helse einhet og har ansvar for jordmor, helsestasjon, skulehelsetjenesta, smittevern og noe fysioterapi. Me har også godt samarbeid med PPT, barnevern, skulene og psykisk helse i Tokke kommune med tanke på å arbeide helsefremmende, forebyggjande og med tidleg innsats.

Søkjar må vera offenteleg godkjend sjukepleiar med godkjent vidareutdanning som helsesjukepleier (helsesøster). ,gjerne med erfaring og praksis
Offentleg godkjend sjukepleiar med annen relevant kompetanse kombinert med personlig eigenskapar, vil også bli vurdert, men i forutsetnad av å ta vidareutdanning som helsesjukepleiar (helsesøster
Kjennskap til elektronisk pasientjournal i WinMed er ein fordel

100 % vikarstilling som offentleg godkjent fysioterapeut frå dags dato frem til og med mai 2020 ID 620

Fysioterapeuten sine tenestar vert dela mellom
sjukeheimen, teneste til heimebuande, helsestasjon- og skulehelsetenester samt førebygging og kvardagsrehabilitering. Til stillinga ligg og noko friskvernsarbeid.
Fysioterapeuten har og ansvaret for koordinering og planlegging av fysioterapitenesta i kommunen.
Gjennom tverrfagleg samarbeid vert det satsa på å skape eit godt habiliterings- og rehabiliteringstilbod til eldre, vaksne og born.
Det er og 3 avtaleheimlar for privatpraktiserande fysioterapeutar som driv kurativt arbeid i kommunen.

Tokke helsesenter – institusjon lyser ut fyljande stillingar:

3 x 100 % fast stilling som offentleg godkjent sjukepleiar ID 624

100% fast stilling som fagarbeidar ID 625 og 17,7% helgestilling som fagarbeidar ID 626


Personale på Tokke helsesenter arbeider i årsturnus, dette gjer at ein kan lage seg ynskjeturnus for eit heilt år.


Heimetenesta lyser ut fyljande stillingar:

100 % fast stilling som fagarbeidar ID 621 og 2 helgestillingar 17,37% som fagarbeidar ID 622 , gjerne med vidareutdanning innafor rus og psykisk helse
(Desse stillingane er i hovudsak knytt til ei spesifikk brukar )

100 % vikarstilling som offentleg godkjent sjukepleiar i vikarbank frå dags dato til og med mars 2020 ID 623


Tokke kommune skal også utvikle dagaktivitetsavdelinga og søkjer difor etter:

100 % prosjektstilling frå dags dato, som offentleg godkjent sjukepleiar/vernepleiar gjerne med vidareutdanning innafor demens, rehabilitering eller geriatri ID 627


50 % prosjekt stilling som fagarbeidar, gjerne med vidareutdanning innafor demens eller rehabilitering ID 628


Begge stillingane innebærer helgearbeid 3. kvar helg og strekker seg frå dags dato til mai 2020, med moglegheit til forlengelse.

For alle stillingar gjeld:
  • Du som søkjer skal ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Vera løysningsorientert, positiv og tolerant
  • Du skal like å jobbe sjølvstendig og i team
  • Vera kunnskapssøkjande og har fagleg fokus
  • Vi legg vekt på personleg egnaheit
  • Politiattest må leverast før start i stilling.
  • Tilsetjing gjeld på vanlege kommunale vilkår.
  • Du skal nytte vårt elektroniske søknadsskjema på stilling som du finn på HER. Om du vil søkje på fleire av stillingane, må det fyllast ut eitt søknadsskjema for kvar stilling.
  • Det elektroniske søknadsskjema MÅ fyllast ut så fullstendig som mogleg.
  • Kopi av rettkjende attestar og vitenål sendast på oppfordring eller ved frammøte til intervju.
  • I samsvar med Offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.

Offentleg godkjent sjukepleiar i Tokke kommune har lønn etter lokal lønnsstige med startlønn på kr. 406.700.
Tokke kommune er behjelpeleg til å skaffe bustad.
Ved interne omrokkering kan andre stillinger bli ledige.

Ved spørsmål ta kontakt med avdelingsleiar:
Helseavdelinga Marianne Skriudalen tlf: 35075530/95783173
Institusjon Tokke helesesenter og dagaktivitet Ragna Iren Grave tlf: 35075531
Heimeitenestane Kirsti Romtveit Ljøstad tlf: 35075521

Velkommen med din søknad!

Søknadsfrist: 12. mai 2019

tokke.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke tokke.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk