Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til botntekst

Ledige lærarstillingar i skulane i Tokke kommune frå august 2019 ID 615 - NY SØKNADSFRIST

Tokke kommune er ein kraftkommune som ligg i nordenden av Telemarkskanalen og har 2225 innbyggjarar. Frå kommunesentret på Dalen er det om lag same lengde til Stavanger som Oslo. Ynskjer du å busetje deg midt mellom aust og vest, er Tokke staden.
Kommunen er rik på kultur og lange tradisjonar innan industri, gruvedrift, jord- og skogbruk. I dag har kommunen òg verksemder som er tufta på høg kompetanse.
Kommunen som går frå 72 moh til 1537 moh, har gode friluftstilhøve ein kan nytte heile året.

Tokke kommune har ledige lærarstillingar, faste og vikariat, frå 01.08.19.

Tokke kommune har sett fokus på  fagleg utvikling, med ulike faglege og pedagogiske innfallsvinklar.
Kollektiv kompetanseutvikling står sentralt, no nyttar ein to timar kvar veke av den bundne tida til fagutvikling.

Tokke kommune har to skular og ei vaksenopplæring.

 Tokke skule:

            1-10 skule med 180 elevar og om lag 23 årsverk for pedagogisk personale

På skulen arbeider vi kontinuerlig med å skape best mogleg lærings – og utviklingsmiljø der elevane skal oppleve meistring og tryggleik. For å få til dette er vi oppteken av klasseleiing med tydelege vaksne, gode relasjonar, samt fokus på tidleg innsats og tilpassa undervisning.

Tokke skule har uteskule annan kvar fredag for 1 til 7. klasse.

Ynskjer ein meir informasjon kan ein ta kontakt med rektor, Tone Lunde Skaalen,

e-post: tone.lunde.skaalen@tokke.kommune.no eller mob.: 97 17 14 06      

Ynskjer du å vere ein del av eit pedagogisk fagmiljø, med fokus på fagleg- og pedagogisk utvikling, må du søkje jobb i Tokke!

Me kan tilby:

  • Utfordrande arbeidsoppgåver i ein service- og utviklingsorientert etat 
  • Eit godt arbeidsmiljø 
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Hjelp til å skaffe husvære
  • Skulle det bli fleire ledige stillingar fram til nytt skuleår, vil ein nytte same søkjarliste

Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar. Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Dei som vert tilsett, må leggje fram politiattest, før ein kan ta til i jobben.  

I samsvar med Offentleglova §25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.

Søknad vert å sende på elektronisk skjema HER.

Velkomen som søkjar!

           

Ny søknadsfrist: 23. april 2019








tokke.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke tokke.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk