Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til botntekst

Ledige stillingar i helse- og omsorgsetaten ID 585-606

Tokke kommune ligg i Vest-Telemark, midt mellom aust- og vestlandet. Kommunen har 2230 innbyggjarar
og eit areal på 980 km2. Kommunehuset er lokalisert på Dalen, i nærleiken av det historiske Dalen Hotel
og Telemarkskanalen.
Tokke kommune er ein kraftkommune og Statkraft Region Sør-Noreg har eit av sine to regionkontor i
kommunen. I Tokke ligg òg Vest-Telemark vidaregåande skule som er kåra til ein av dei beste
vidaregåande skulane i landet.


100% FAST STILLING I AVDELING FOR PSYKISK HELSE OG RUS - ID 598


Psykisk helse og rus er ei eiga fagavdeling organisera under helse. Ein jobbar med individuell oppfølgjing, grupper og miljøarbeid i eit tverfagleg team

Kvalifikasjonar:

• Helse -og sosialfagleg utdanning på bachelornivå
• Videreutdanning i psykisk helse og rus er ynskjeleg
• Erfaring fra psykisk helse og rus arbeid

Arbeidsoppgåver:
• Oppfylging av brukare, individuelt og i grupper, miljøterapi og burettleiing
• Kartlegge, sette iverk og evaluere tiltak
• Være med på å utvikle eit fagleg og godt arbeidsmiljø
• Tverrfagleg samarbeid og pårørendesamarbeid
• Bidra til å utvikle å sikre gode rutinar, faglege prosedyrar og dokumentasjon

Vi søkjer deg som:
• Arbeider målretta med brukare
• Har god evne til å kommunisere og oppnå relasjonar til andre mennesker
• Er fleksibel og løysningsorientert
• Taklar stress og uforutsigbarhet
• Har gode samarbeidsevnar og evne til å jobbe sjølvstendig
• Søkjar må beherske norsk på høgt nivå, både munnleg og skriftlig
Vi tilbyr:
• Eit tverrfagleg og positivt arbeidsmiljø
• Spennende og utfordrende arbeidsoppgaver
• Fagleg rettleiing

Andre opplysninger:
For tida jobber man dagtid, men må påberegne noko ettermiddagstimer. Arbeidstid er under evaluering og kan medføre endringer til turnusarbeid.
Personlig egnethet vil bli vektlagt.
For nærare opplysningar ta kontakt med :
Fagleiar psykisk helse : Elin Erikstein tlf 35075546/97058050
Avdelingsleiar helse: Marianne Skriudalen tlf 35075530/95783173

Tokke helsesenter:

• 100% fast stilling som offentleg godkjent sjukepleiar for tida ved Tokke helsesenter- ID 599
• 100% fast stilling som offentleg godkjent sjukepleiar natt, for tida ved Tokke helsesenter – ID 600

Tokke heimeteneste, stillingar som i hovudsak er knytt til ein brukar:
• 2. gongs utlysing av 2 x 100 % fast stilling som offentleg godkjent sjukepleiar . ID 585
• 50% fast stilling som fagarbeidar – ID 601
• 3x17,37% fast stilling som fagarbeidar – ID 602


Tokke heimeteneste, stillingar som i hovudsak er knytt til ein brukar, natt:
• 62,44% fast stilling som fagarbeidar – ID 603
• 26,76% fast stilling som fagarbeidar – ID 604

Andre stillingar i heimetenesta:
• 100% offentleg godkjent sjukepleiar, vikariat, frå 16.03.19 til 16.03.20, tidskontostilling – ID 605
• 40% stilling som heimehjelp, vikariat fram til 01.06.19, med høve for fast tilsetjing – ID 606

Vi søkjer personar som kan være med og utvikla tenestane i Tokke kommune og som samstundes kan være med å styrke dei tenestane vi allereie har. Du som søkjer skal være fleksibel og være interessera i arbeidet med å utvikla våre tenestar.


Kvalifikasjonar for stillingane:
Offentlig godkjent sjukepleiar/fagarbeidar
Gode norskferdigheter, snakke, forstå og skrive norsk
Serviceinnstilt og fleksibel
Evne til samarbeid og ha fokus på løysningar.
Bidra til innovasjon og utvikling innan pleie og omsorg
Bidra til at eininga når sine målsettingar

Tokke kommune kan tilby:
Variert arbeid i positivt miljø
Faglege utfordringar og utvikling som fagperson
God opplæring og samarbeid med andre
Tokke kommune er IA -bedrift
For stilling i heimetenestene må søkjar ha sertifikat
For sjukepleiarstilling,natt, er det vedteke å gje rekrutteringspakke, mot bindingtid til kommunen

For nærare opplysingar om stillingane ta kontakt med :
Tokke helsesenter: Avdelingsleiar Ragna Irene Grave tlf: 35 07 55 32
Tokke heimetenestar: Avdelingsleiar Kirsti Romtveit Ljøstad tlf: 35 07 55 21


Andre opplysningar:
Stillingane inneberer arbeid i turnus med arbeid på helg.
Ved Tokke helsesenter arbeider personale etter årsturnus, der personale er med å planleggar eiga turnus.

Politiattest må leverast før start i stilling. Denne må ikkje vere eldre enn 3 månadar.

Lønsvilkår: Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk 

Tilsetjing gjeld på vanlege kommunale vilkår

Du skal nytte vårt elektroniske søknadsskjema HER.
Om du vil søkje på fleire av stillingane, må det fyllast ut eitt søknadsskjema for kvar stilling.

Det elektronisk søknadsskjemaet MÅ fyllast ut så fullstendig som mogleg.

Kopi av rettkjende attestar og vitnemål sendast på oppfordring eller ved frammøte til intervju.
I samsvar med Offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.

Ved Interne omrokkeringar kan andre stillingar bli ledig.

Søknadsfrist: 27. januar 2019

tokke.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke tokke.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk