Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til botntekst

Barnehagelærar/Pedagogisk leiar


BARNEHAGELÆRAR/PEDAGOGISK LEIAR ID 581

Tokke kommune har ledig 100% vikariat som barnehagelærar/pedagogisk leiar ved for tida Høydalsmo barnehage, frå 13.08.18 til medio januar 2019. Vikariatet kan bli forlenga.

Høydalsmo barnehage

Høydalsmo barnehage, har 2 avdelingar der ei avdeling ligg i Lårdal.
Høydalsmo barnehage har som hovudsatsingsområde språkstimulering og sosial kompetanse. Dette barnehageåret har me eit prosjekt; «bygda mi før og no», der me trekker inn alle fagområda i rammeplanen, spesielt «nærmiljø og samfunn». Men sjølv med eit slikt prosjekt har me alltid fokus på leik, omsorg, tryggleik, samhald, barns medverknad og danning.

Ynskjer ein meir informasjon kan ein ta kontakt med styrar, Solfrid Lio, e-post: solfrid.lio@tokke.kommune.no eller mob.: 90 61 66 06

Me kan tilby:

  • Løn og tilsetjing på kommunale vilkår – NB: Tokke har høgare lønn for tilsette med 0-8 års ansiennitet 
Barnehagelærar
kr 11 700 – 31 500,- pr. år i 100% stilling (ans. 0-10 år)
16 års ans.: kr 31 500,- over tariff

Tillegg for pedagogisk leiar: kr 25 000,-

  • Utfordrande arbeidsoppgåver i ein service- og utviklingsorientert etat 
  • Eit godt arbeidsmiljø 
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Hjelp til å skaffe husvære


Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar. Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Dei som vert tilsett, må leggje fram politiattest, før ein kan ta til i jobben.
Det er krav om utdanning som barnehagelærar.

I samsvar med Offentleglova §25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.

Søknad vert å sende på elektronisk skjema.


Velkomen som søkjar!


Søknadsfrist: 24. juli 2018

tokke.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke tokke.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk