Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til botntekst

80% vikariat NAV Tokke, ID 516.

Nav logo
80% vikariat som veiledar ved for tida NAV Tokke i tida 01.05.17 og fram til 31.03.18 med høve til forlenging. ID 516.

Oppgåvene til stillinga er lagt til oppfyljingsteamet og inneber oppfyljing av brukarar, spesielt ansvar for arbeid i økonomisk rådgjeving, sakshandsaming av økonomisk sosialstønad m.m.
Ein må pårekne endringar i arbeidsoppgåvene frametter.

Vi ynskjer personar med 3 årig universitets- eller høgskuleutdanning, fortrinnsvis sosial, helse eller pedagogikk.
God og relevant praksis frå arbeid i NAV kontor eller anna høveleg erfaring kan kompensere for utdanning.

Det er krav til god IKT kompetanse, gode samarbeidsevner, at du er tydeleg, strukturert og resultatorientert og har gode kommunikasjonsevner.

Det vil bli lagt vekt på om søkjaren er egna til stillinga.

Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med lovar, regelverk, avtaler og kommunale vedtak.

Spørsmål om stillinga kan rettast til NAV leiar Gerd Kari Skaalen, tlf. 95832211

Søk på stilling elektronisk.

Kopi av rettkjende attestar og vitnemål sendast på oppfordring eller ved frammøte til  intervju.


Søknadsfrist: 24. april 2017
  • Dalen Hotel
  • Vest-Telemark museum

tokke.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke tokke.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk