Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til botntekst

Prosjektstilling i Vest-Telemark

Prosjektstilling i Vest-Telemark – "Prosjekt spesialundervisning".

2.gongs utlysing.

Kommunane i Vest-Telemark er tildelt skjønsmidlar i 2017/18 og skal tilsette ein prosjektarbeidar inntil 100% stilling i eit årsengasjement, 1.8.18-31.7.2019.


Prosjektarbeidar skal støtte og rettleie skuleeigarane i Vest-Telemark i arbeidet med å vurdere kvaliteten på spesialundervisningsområdet. Den som blir tilsett skal dokumentere praksis og organisering av spesialundervisninga ved utvalde skular/kommunar.  Prosjektarbeidar  skal rettleie skular som ynskjer å prøve ut nye organiseringsmodeller for tilpassa opplæring/spesialundervisning, t.d. "Dovremodellen" og ha ansvar for å etablere eit læringsnettverk i Vest-Telemark. PP-tenesta i Vest-Telemark vil vere ein sentral samarbeidspartnar.

Overordna mål for prosjektet: Auka kunnskap om effekten av spesialundervisning som metode i grunnskulen. 

Vi søkjer etter ein person med relevant høgare utdanning og praksis og med god innsikt i leiing av utviklingsprosesser.

 

Det vil bli lagt særleg vekt på:

  • erfaring frå pedagogisk- og eller spesialpedagogisk arbeid i skulen
  • anna relevant erfaring med utviklingsarbeid- og eller forskingsarbeid i skule
  • god kunnskap om dei nasjonale føringane for arbeidet med spesialundervisning

Den  som blir tilsett må vere initiativrik, kunne arbeide sjølvstendig og ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.

Vi tilbyr: Løn etter avtale.

Arbeidsgivar  vil bli ein av VT-kommunane. Kontorstad blir PP-kontoret i Kviteseid.  Regionalt forum for utdanning i Vest-Telemark vil samarbeide med den som blir tilsett for å definere rammene for innhaldet i stillinga.

Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju. Tilsetting skjer etter gjeldande lover, reglement og tariffavtale. Ved tilsetjing blir det stilt krav om politiattest. Me gjer merksam på at namn på søkjarar kan bli offentleggjort i høve til offentleglova §25.

Søknadsfrist:  22.05.2018

Send søknad via elektronisk søknadsskjema til Nissedal  kommune, ID 465

Kontaktperson for spørsmål om stillinga: Skulesjef i Nissedal kommune, Sissel Bronken.
sissel.bronken@nissedal.kommune.no  tlf 35048407.


  • Dalen Hotel
  • Vest-Telemark museum

tokke.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke tokke.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk