Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til botntekst

Stillingar i Helse- og omsorgsetaten

Ledige stillingar ved helse- og omsorgsetaten ID 584-590

Helse og omsorgsetaten i Tokke kommune har ledig  fylgjande stillingar:

  • 100%  fast  stilling offentleg godkjent sjukepleiar for tida ved Tokke helsesenter ID 584
  • 2 x 100 % fast stilling som offentleg godkjent sjukepleiar for tida ved heimetenesta. Stillingane  er i hovudsak knytt til ein brukar. (Stillingane lyses ut med atterhald om  godkjenning av Tokke kommunestyre) ID 585
  • 1x100% fast stilling som offentleg godkjent sjukepleiar, natt for tida ved heimetenesta. Stillinga er i hovudsak knytt til ein brukar. (stillinga lysast ut med atterhald om godkjenning av Tokke kommunestyre) ID 586
  • 67 % fast stilling som fagarbeidar natt, for tida ved heimetenesta ID 587
  • 40 % fast stilling som heimehjelp, for tida i heimetenesta ID 588
  • 21,8 %fast  stilling (helgestilling 4. kvar helg ) som fagarbeidar,  for tida ved Åheim bufellesskap ID 589
  • Tilkallingsvikarar etter timeliste ynskjast ved for tida Åheim bufellesskap ID 590

 

Vi søkjer personar som kan vera med og utvikle tenestane i Tokke kommune og som samstundes kan vera med å styrke dei tenestene  vi allereie har.  Du som søkjer skal vera fleksibel og vera interessera i arbeidet med å utvikle våre tenestar.

Kvalifikasjonar for stillingane:

Offentlig godkjent sjukepleiar/fagarbeidar

Gode norskferdigheter, snakke, forstå og skrive norsk

Serviceinnstilt og fleksibel

Evne til samarbeid og ha fokus på løysningar.

Bidra til innovasjon og utvikling innan pleie og omsorg

Bidra til at eininga når sine målsettingar

For stilling i heimetenesta må søkjar ha sertifikat

Andre opplysningar:

Stillingane inneber arbeid i turnus med arbeid på helg.  Ved Tokke helsesenter arbeider personale etter årsturnus der personalet er med å planlegger eiga turnus.

Ved Åheim bufellesskap arbeider personale 12 timars turnus med arbeid 4. kvar helg.

 

Me kan tilby ein trivelig arbeidsplass og mange spennande arbeidsoppgåver

Trivelige kollegaer

Tokke  kommune kan tilby:

Variert arbeid i positivt miljø

Faglege utfordringar og utvikling som fagperson

God opplæring og samarbeid med andre

Tokke kommune er IA -bedrift

For nærare opplysingar om stillingane ta kontakt med :

Tokke helsesenter: Avdelingsleiar Ragna Irene Grave tlf: 35 07 55 32

Tokke heimetenestar: Avdelingsleiar Kirsti Romtveit Ljøstad tlf: 35 07 55 21

Åheim bufellesskap: Avdelingsleiar May Anette Brattestå Sollie tlf: 35 07 55 22

For stillingane gjeld:

Tilsetjing gjeld på vanlege kommunale vilkår.

Om du søkjer fleire stillingar, må det fyllast ut eitt søknadsskjema for kvar stilling.

Det elektroniske søknadsskjemaet skal fyllast ut så fullstendig som mogleg.

Kopi av rettkjende attestar og vitnemål sendast på oppfordring eller ved frammøte til intervju.

I samsvar med Offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.

Politiattest må leverast før du tek i stillinga, denne må ikkje vere eldre enn 3 månadar.

Søknadsfrist:        25. november 2018



Søk på stilling elektronisk.

tokke.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke tokke.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk