Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til botntekst

Brannkonstabel

Brannkonstabel Tokke kommune ved for tida plan, næring og teknisk etat ID 583

Tokke kommune har ledig fast stilling som brannkonstabel. Storleiken på stillinga er 1,4%. Øvingar er lagt til både dag og kveldstid. 30 øvingstimar er inkludert i 1,4% fastlønn.

Dersom du er over 20 år og oppfyller eit eller fleire av fylgjande kriterier er du gjerne den rette for oss:

  • Bur og arbeider innanfor 5 min frå brannstasjonen på Dalen
  • Har praktisk jobberfaring
  • Har teoretisk/praktisk kunnskap innanfor førstehjelp/HLR redning
  • Beherskar norsk skriftleg og muntleg.
  • Klasse C og kode 160
  • Oppfylle helsekrav for klasse D (krav til kode 160, utrykningskjøring)
  • Har hatt førarrett for personbil klasse B sammenhengende de 2 siste år (krav kode 160, utrykningskjøring) 

Det viktigaste er likevel at du har lyst til å gjera ein innsats i brann- og redningsarbeid i heimbygda di.

Det vil bli gitt opplæring undervegs i arbeidsforholdet. Ein vert pålagd å gjennomføre obligatoriske kurs/utdanning innan brann- og redningsfaget.

For spørsmål om stillinga, ta kontakt med eigedomsforvaltar Andreas Brubakk 35075200

For stillinga gjeld:

Kopi av rettkjende attestar og vitnemål sendast på oppfordring eller ved frammøte til intervju.

Det elektroniske søknadsskjemaet skal fyllast ut så fullstendig som mogleg.

I samsvar med Offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.

Søknadsfrist:        25. november 2018


Søk på stilling elektronisk.

tokke.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke tokke.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk