Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til botntekst

Psykolog

Ledig stilling - 100% fast stilling som psykologspesialist i barne- og ungdomspsykologi/Psykolog ved for tida Vinje Tokke og Fyresdal kommunar ID 550

Kommunane har tilsaman 7300 innbyggjarar. Cirka 1530 er born og unge i alderen 0-20 år. Ein av kommunane har vidaregåande skule. Vest-Telemark er kjent for sin kultur, flotte natur og gode moglegheiter til friluftsliv.

Vinje, Tokke og Fyresdal

søkjer etter

Psykologspesialist i barne- og ungdomspsykologi/psykolog ID 550

Kommunane søkjer etter ein barnepsykolog/psykolog i ei nyoppretta stilling - som skal arbeide med barn og unge i alderen 0-20 år. Psykologen vil få eit eige kontor i helseeininga i kvar av kommunane, men ein av kommunane vil ha arbeidsgivaransvar. Fordelinga av psykologens tid vil avhenge av tal på born og unge i kommunane og etter behov.

Tenesta skal vera eit gratis lågterskeltilbod med fokus på korttidsterapi, råd og rettleiing.

Hovudarbeidsoppgåver:

Klinisk verksemd med behandling, utgreiing og kartlegging av pasientar (evt. for vidare sending til spesialisthelsetenesta)
Samarbeid med tverrfaglege team i kommunane
Rettleiing av born og føresette
Førebygging (undervise tilsette i barne- og ungdomsskulen)
Kvalifikasjonar:

Autorisert psykolog
Erfaring med samtaler med born, ungdom og foreldre
Erfaring med samarbeid og rettleiing av andre faggrupper
 

Personlege eigenskaper:

Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
God på rettleiing
Sjølvstendig og trygg på utøving av faget
 

Vi tilbyr:

100% fast stilling
Lønn etter avtale
Moglegheit for å vera med på å utvikle tenesta
Deltaking i nettverk  med andre psykologar, DPS og samarbeid med tilsvarande stilling i Seljord, Kviteseid og Nissedal
Gode pensjonsordningar
 

Søkarar utan spesialitet vil måtte inngå avtale om spesialisering.

Søkjer må ha sertifikat og nytte eigen bil. Det blir gitt køyregodtgjersle etter gjeldane satsar.

Tilsettingstidpunkt: Etter avtale

Spørsmål om stillinga kan rettas til:


Ann Wraa, helse og omsorgssjef Tokke kommune tlf: 35 07 55 01/97 02 14 22

Elin Erikstein, fagleiar psykisk helse Tokke kommune tlf: 35 07 55 46/97 05 80 50

Søknadsfrist:        30. desember 2017

Søk på stilling elektronisk.


 

  • Dalen Hotel
  • Vest-Telemark museum

tokke.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke tokke.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk