Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til botntekst

Ledig stilling som kulturskulelærar – ID 542

Me har ledig fast stilling som lærar i Tokke kulturskule, inntil 100 % stilling frå 01.01.18. I stillinga ligg ansvaret for dirigering av korps i kommunen, samt korps i skulen og aspirantar.

Kvalifikasjonar:
  • Det er ynskjeleg med høgskuleutdanning, minst på bachelor-nivå. Fortrinnsvis messing og/eller treblås instrument. Ein vil fortrekke søkjerar som kan undervise i fleire instrument.  
  • Pedagogisk utdanning
  • Må ha førarkort og disponere eigen bil
  • Andre kan òg søkje
Me kan tilby:
  • Løn og tilsetjing på kommunale vilkår
  • Utfordrande arbeidsoppgåver i ein service- og utviklingsorientert etat  
  • Eit godt arbeidsmiljø  
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Hjelp til å skaffe rimeleg husvære

Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar. Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Dei som vert tilsett, må leggje fram politiattest. 

I samsvar med Offentleglova §25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.

Spørsmål om stillinga som musikklærar kan rettast til rektor i kulturskulen, mob.: 41 51 68 57, e-post: ingvild.lilletvedt@tokke.kommune.no

Søk på stilling elektronisk.


Velkomen som søkjar!  Forlenga ny søknadsfrist: 22. desember 2017




  • Dalen Hotel
  • Vest-Telemark museum

tokke.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke tokke.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk