Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til botntekst

100% vikariat som styrar ved Høydalsmo barnehage ID 541

Tokke kommune er ein kraftkommune som ligg i nordenden av Telemarkskanalen og har 2250 innbyggjarar. Frå kommunesentret på Dalen er det om lag same lengde til Stavanger som Oslo. Ynskjer du å busetje deg midt mellom aust og vest, er Tokke staden.

Kommunen er rik på kultur og lange tradisjonar innan industri, gruvedrift, jord- og skogbruk. I dag har kommunen òg verksemder som er tufta på høg kompetanse.

Kommunen som går frå 72 moh til 1537 moh har gode friluftstilhøve som ein kan nytte heile året.

 

100% vikariat som styrar ved Høydalsmo barnehage og Høydalsmo barnehage Lårdal i tidsrommet 01.03.18 til 01.03.19..

Høydalsmo barnehage og Høydalsmo barnehage Lårdal er begge ein einavdelings barnehage.

Begge barnehagane er godkjent for inntil 25 plassar.

Barnehagen er plassert tett ved Høydalsmo skule og samarbeidet mellom barnehage og skule er godt innarbeidd.

Høydalsmo barnehage Lårdal ligg i øvre Lårdal. Det er ca. 10 km mellom barnehagane.

Det er svært gode vilkår for uteaktivitetar året rundt og godt tilrettelagd nærmiljø.

Satsingsområde i Høydalsmo barnehage er; «Bygda mi, før og no», men med fokus på omsorg, tryggleik, leik og læring. Leik, venskap og gode opplevingar skal farge barnehagelivet.

Me legg vekt på følgjande kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • kreativ og open leiarstil
  • evne til å inspirere og motivere
  • gode samarbeids- og kommunikasjonsevne
  • stor arbeidskapasitet og evne til å arbeide sjølvstendig og i team
  • barnhagelærarutdanning
  • Leiarerfaring er ein føremon

Me kan tilby:

  • Løn og tilsetjing på kommunale vilkår
  • Utfordrande arbeidsoppgåver i ein service- og utviklingsorientert etat 
  • Eit godt arbeidsmiljø 
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Hjelp til å skaffe rimeleg husvære

Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar. Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Dei som vert tilsett, må leggje fram politiattest. 

I samsvar med Offentleglova §25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.

Nærare opplysningar om stillinga ved oppvekstsjef Finn Arne Askje, tlf. 95 07 66 37

e-post: finn.arne.askje@tokke.kommune.no 


Velkomen som søkjar!                          Søknadsfrist: 03.12.17


Søk på stilling elektronisk.

  • Dalen Hotel
  • Vest-Telemark museum

tokke.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke tokke.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk