Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til botntekst

Ledige stillingar i Dalen barnehage

Ledige stillingar som pedagogisk leiar/barnehagelærar i Dalen barnehage – ID 540

Me har ledig inntil 180% vikariat som pedagogisk leiar/barnehagelærar frå januar 2018 til 14.08.18 ved Dalen barnehage.

Barnehagen på Dalen er bygd for 108 plassar og ligg nært til sentrum, flotte turområde, skule, bibliotek, idrettshall og basseng

Dalen barnehage er organisert på fem avdelingar, og vi kan tilby alle 1 åringar plass på småbarnsavdeling.

Me ynskjer ein person som er:

  • Utdanna barnehagelærar.
  • Løysingorientert
  • God til å samarbeide
  • Positiv
  • Fokusera på barn og deira behov.

Har du i tillegg godt humør, likar og vera ute, og likar utfordringar, er du kanskje den me leitar etter?

Du må pårekne og gå inn i oppgåver på heile huset.

Dalen barnehage er ein spennande og triveleg barnehage å arbeide i, med mange artige og utfordrande arbeidsoppgåver og med eit triveleg personale.

Me kan tilby:

  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Hjelp til å skaffe rimeleg husvære
  • Gode barnehagetilbod

Nærare opplysningar om stillinga ved styrar Mona Båtnes tlf.: 35075272 eller mob.: 95901112 eller mona.batnes@tokke.kommune.no

Søknadsfrist: 27. oktober 2017


Velkomen som søkjar!

 Søk på stilling elektronisk.

  • Dalen Hotel
  • Vest-Telemark museum

tokke.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke tokke.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk