Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til botntekst

100% fast stilling ved Helseavdelinga

100 % fast stilling (60 % avdelingsleiar for helseavdelinga og 40% stilling knytt til andre oppgåver i helse og omsorgstenesta) ID 534

Stillinga er ei del av helse og omsorgssjefen  sitt leiarteam.

Helseavdelinga omfattar legekontor, helsestasjon, psykisk helseteneste og fysio- ergoterapitenesta.

Stillinga omfattar  fyljande:

-Hovudansvar for daglege drift på legekontor

-Delegert personalansvar for helseavdelingas medarbeidarar

-Ansvar for oppfylging og utvikling av kvalitetsarbeid

-Ansvar for at organisering og gjennomføring av oppgåver i avdelinga i samsvar med verdiar, mål, lov og forskrift

- Delegert budsjett- og økonomiansvar for helseavdelinga

-Tenesteutvikling

- Kvalitetsarbeid

Kvalifikasjonar for stillinga:

-Helsefaglig utdanning frå høgskule/universitet minimum på bachelor-nivå, fortrinnsvis      med formalisert leiarkompetanse, og relevant leiarerfaring. Dersom søkjar ikkje har leiarutdanning, så må søkjar forplikte seg til å gjennomføre slik utdanning.

- Erfaring og god kompetanse med ulike dataprogrammer

- Søkar må beherske norsk språk på høgt nivå, både munnleg og skriftlig

- Personlig egnethet  vil vektleggast 

Lønsvilkår: Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk

Tokke  kommune kan tilby:

Variert arbeid i positivt miljø

 Faglege utfordringar og utvikling som fagperson

 God opplæring og samarbeid med andre

 Tokke kommune er IA -bedrift

For nærare opplysingar om stillingane ta kontakt med :

For avdelingsleiarstilling: Ann Wraa, helse og omsorgssjef tlf: 35 07 55 01/97 02 14 22

Tokke helsesenter: Avdelingsleiar Ragna Irene Grave tlf: 35 07 55 32

Åheim bufellesskap: May Anette Brattestå Solli tlf: 35 07 55 22


I samsvar med Offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.

Om du ynskjer å søkje på fleire av stillingane må det skrivast ein søknad til kvar stilling.

Kopi av rettkjende attestar og vitnemål sendast på oppfordring eller ved frammøte til intervju.

Søknadsfrist:            30. september 2017.


Søk på stilling elektronisk.

  • Dalen Hotel
  • Vest-Telemark museum

tokke.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke tokke.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk