Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til botntekst

Lærarstilling i vaksenopplæringa

Inntil 60% vikariat som lærar i vaksenopplæringa

Tokke kommune ligg i Vest–Telemark og har om lag 2200 innbyggarar. Her er ein fantastisk vakker natur som vekslar frå lågland med fjord, elvar og innsjøar med marina, brygger og badeviker og til høgfjell med stille fjellvatn og viddelandskap. Her kan du bruke naturen både sumar og vinter. Spreidd busetnad med mange bygder og grender tek vare på kultur og tradisjonar. Samstundes har kommunen eit rikt og variert næringsliv som er med på å gjere kommunen til ein attraktiv arbeidsplass og ein flott stad å bu. Kommunen har desentralisert tilbod når det gjeld skular og barnehagar. Dalen som ligg ved enden av Bandakkanalen er kommunesenter. Her finn du også vidaregåande skule, idrottshall, idrottsanlegg, ei av mange ljosløyper i kommunen, nytt og moderne kulturhus med mellom anna kino, symjehall og eit særs moderne bibliotek.

LÆRARSTILLING I VAKSENOPPLÆRINGA 

ID 526

Tokke kommune har ledige lærarstilling i vaksenopplæringa, vikariat inntil 60%, frå 01.08.17.

Tokke vaksenopplæring søkjer etter lærer.  Hovudoppgåver vil være undervisning, utarbeiding og oppfølging av individuell opplæringsplan, og tett samarbeid med andre lærerar på vaksenopplæringa. 

Fagynskje:

Det kreves/ynskjeleg med godkjent lærerutdanning for stillinga.

Norsk som andrespråk, andrespråkspedagogikk, IKT, norsk, matematikk, engelsk, samfunnsfag, naturfag, kvalifisert til undervisning på ungdomstrinnet.

Ynskjer ein meir informasjon kan ein ta kontakt med oppvekst- og kultursjef Finn Arne Askje, e-post: finn.arne.askje@tokke.kommune.no eller

mob.: 95 07 66 37    

Me kan tilby:

  • Løn og tilsetjing på kommunale vilkår.
  • Utfordrande arbeidsoppgåver i ein service- og utviklingsorientert etat 
  • Eit godt arbeidsmiljø 
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Hjelp til å skaffe husvære
  • Skulle det bli fleire ledige stillingar fram til nytt skuleår, vil ein nytte same søkjarliste

Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar. Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Dei som vert tilsett, må leggje fram politiattest, før ein kan ta til i jobben.  

I samsvar med Offentleglova §25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.

Velkomen som søkjar!      

Søknadsfrist: 31.05.17





 


Søk på stilling elektronisk.

  • Dalen Hotel
  • Vest-Telemark museum

tokke.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke tokke.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk